Etter 2 år som Løvebarnehage ser me at dette «programmet» har sett sine spor både hjå borna og dei vaksne. Me vaksne skal ha ei bevisst haldning til dette arbeidet og me har difor laga eit «dokument» som fortel kva me legg i begrepet «LØVEBARNEHAGE».

 

 

ME ER EIN LØVEBARNEHAGE OG DET BETYR AT:

  • Me bruker programmet «Være sammen».
  • Me lærer LØVELOVEN og «forstår» innhaldet.
  • Me har fokus på relasjonsarbeid.
  • Alle skal kjenne seg trygge og bli sett.
  • Barna skal få vere seg sjølve og kjenne seg betydningsfulle.
  • Me er gode mot kvarandre.
  • Dei vaksne har ein AUTORITATIV vaksenstil med fokus på anerkjennande kommunikasjon.
  • Barna får setje ord på følelsane sine og dei vaksne tillet dei å ha ulike følelsar.
  • Me har GODHETSVEKE kor barna konkret er med og deler/gir noko til andre utan å få noko sjølv.
  • Me erfarer kva det vil seia å vera eit medmenneske.
  • Me har fokus på tidleg innsats.
  • Me erfarer konflikthandtering som FØREBYGGING AV MOBBING.

 

Regnbueløva