Arkiv for 'Siste nytt'

ÅRETS STORE «HAPPENING».

Inneklemt mellom to regntunge dagar skein sola 🙂 og me i barnehagen var kjempeklar for «Tryggheimsmarken». Denne dagen hadde me sett fram til lenge og alle var spente på korleis dagen skulle bli. Det vart ein KJEMPESUKSESS!! Sidan eit av fokusområda våre dette barnehageåret har vore KULTUR/DEN JÆRSKE KULTUREN ville me gjere ein «vri» på den årlege sommaravslutninga. Foreldre hadde i førekant blitt oppmoda om å kle familien i klede frå «gamle dagar» og det var mange flotte vaksne og barn som kom inn porten denne ettermiddagen. Me starta ettermiddagen kl. 17.00 med ei samling kor me fekk høyre sang og lokale rim og regler av barna. Alle barna som no skal begynne på skulen fekk kvar si bok i avskjedsgåve. Etterpå var det bare å bruke tida på dei ulike aktivitetane og salsbodene .

 

Eit lite overblikk over ein del av foramlinga.

Etter samlinga var det klart for både mat, aktivitetar og «dyr-sku».

Inntekta me fekk frå salet ca. kr. 5000,- går til misjonsprosjektet vårt.

I grua var det mogleg å spidde pølser og steike pinnebrød på bålet.

Barna kunne òg delta i ulike aktivitetar.

Som seg hør og bør på ein marknad var det òg ulike dyr på plass som barna kunne sjå på og/eller kose med.

Ettermiddagen gjekk fort. Såg ut som både små og store kosa seg. Etter tilbakemeldingane me har fått i etterkant så vert det nok ikkje siste gongen me inviterer til  «Tryggheimsmarken».

Her er den gode gjengen som laga ein flott og minnerik ettermiddag for barn og foreldre.

DUGNAD 20. mai.

«Ska dåkke bjynna mæ struts?» 🙂 var spørsmålet me fekk frå naboane våre då ein gjeng foreldre var i gang med å sette opp eit høgare gjerde «rundt» fotballbanen vår 🙂 Me har i fleire år ynskt oss eit høgare gjerde for å unngå at ballen til stadighet havnar i potetåkeren hjå naboen. Dette prosjektet var hovudsatsinga for vårens dugnad.  Velsigna med «spisskompetanse» frå ein far som har jobb i Systemsikring gjorde at resultatet vart upåklageleg.

Før…….

 

…..undervegs……

…..og etter-bilete.

Ellers var det stor aktivitet og mykje godt arbeid vart gjort. Ingen sure miner å spore sjølv om vèret etterkvart vart litt surt.

Fallbassenget under dissa og under eit klatrestativ vart «endevendt».

Utemøblene våre fekk eit «ansiktsløft».

Luking langst gjerdet…….

…..og «soping» av uteplassen

I tillegg til dette  fekk me reinska fleire av dei mest utsette  kummane og me fekk gjort ei god oppgradering av sykkelbanen vår bak huset.

Etter ei god arbeidsøkt smaka det veldig godt med pizza, kaffi og twist.

STOR TAKK TIL ALLE SOM BRUKTE FRITIDA SI I BARNEHAGEN DENNE LAURDAGEN 🙂

 

FORELDREMØTE.

20. april var ein god gjeng foreldre og personal samla i daglegstova på Tryggheim vgs. Me hadde invitert «Barnevakten» med oss denne kvelden. Me har tilgang til mange ulike digitale «dibbeduttar» og fleire kjem det nok til å bli framover. Det er difor viktig å ha eit bevisst forhold til bruken av digitale verkty og ei bevisst haldning til alle moglegheitene desse gir oss på godt og vondt.

Alexis Lundh frå «Barnevakten» hadde ei fantastisk formidlingsevne og fekk fleire av oss til å tenkja nye tankar iht nettbruken saman med barn samtidig som han hverken var formanande eller fordømmande.

Tips om gode «apper» til barn fekk me òg.

Her er diverse lenker kor de kan finne meir informasjon.

http://www.dubestemmer.no/

https://www.barnevakten.no/

https://www.datatilsynet.no/globalassets/global/04_veiledere/i_beste_mening_a4_bokmal_web.pdf

PÅSKEFRUKOST.

I dag var nokre av personalet i barnehagen oppe «før fuglane» for å ha alt klart til «Påskefrukost» kl. 07.30 🙂 Det vart servert kokte gule (lysebrune) egg og nysteikte rundstykker. Mange foreldre hadde sett av litt ekstra tid ved levering til å ha ei koseleg morgonstund i lag med barna. Kjøkkenet var pynta fint med påskeliljer (takk Åse Marie) og annan påskepynt som var laga av barna noko som laga ekstra fin rame rundt frukost-bordet.

Ynskjer alle ei riktig fin påske 🙂

Tysdag morgon 4.april var me ekstra spente på korleis vèret vart denne dagen. Me var inviterte på gardsbesøk i Stølen, Nesheim og me skulle GÅ. Heldigvis skein sola 🙂 Me fann fram vogner (sånn i tilfelle nokre måtte ha ein kvil) og gjorde oss klar til tur.

«REGNBUE-LØVE-FEST»

Me har vore ein vebarnehage i 3 år og i dag vart det markert med stor fest 🙂 Barnehagen var pynta med «regnbue-vimplar» ute og inne var det ballongar i alle regnbuens fargar.  Kl. 10.15 var me klar til felles-samling på kjøkkenet. Barna hadde laga flotte hattar som dei hadde på seg.

Flotte hattar med bilete av Regnbueløva på.

Så fekk me høyre historien om Løvemora som skulle føde ein liten løveunge

Løvemor fekk trøyst og hjelp frå Ramona von Rotter og alle dei 5 rottebarna hennar.

Sidan det var ein flott regnbue på himmelen då løve-ungen vart født fekk den namnet REGNBUELØVA.

PRIPP og PRAPP fanga Ramona von Rotter og rottebarna hennar.

Regnbue-løva er trist og lei fordi PRIPP OG PRAPP erter henne.

Regnbue-løva har lært PRIPP og PRAPP at det ikkje er greit å erte andre. Nå er dei gode vener alle saman.

Etter samlinga smaka det godt med pølse i brød.

….og bollar med krem og syltetøy til dessert.

 

Så var det deiligt å ta seg ein tur ut i snøen etterpå 🙂

Ei perfekt avslutning på ein kjempekjekk dag i barnehagen.

Med ynskje om ein fin ferie til alle dei som no skal ha vinterferie 🙂

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

«Me æ kjempeheldige»

Sola skin og det er påskestemning i akebakken vår 🙂 Etter meldingane å døma går det mot slutten av kuldeperioden for denne gongen. Me er kjempefornøgde med investeringa me gjorde i fjor vinter. Snøkanonen har verkeleg fått «kjørt seg» og me har hatt flotte dagar og mange glade barn som har kosa seg i snøen.

Her er filmen Jærbladet laga då dei var på besøk hjå oss i november.

 

SØKNADSFRISTAR.

Me nærmar oss slutten av januar og det «tikkar» stadig inn nye søknadar om barnehageplass hjå oss og det er jo kjekt 🙂  Nytt av året er at alle som er fødde i november månad òg har rett til plass.

SØKNADAR anten det gjeld endring i opphaldstid, overflytting til annan barnehage eller ny søknad må gjerast via Hå kommune, Barnehage. (Endring på dagar kan me gjere innad i barnehagen men de må gje eit signal innan søknadsfristen 1. mars)

                  SØKNADSFRISTEN ER 1. MARS

 

«Det er haust, det ruskar ute….

Eit av fokusområda våre dette barnehage-året er den Jærske kulturen. November månad har vore vigd til Arne og Hulda Garborg, deira liv og forfattarskap. Borna har fått med seg mykje gjennom dette temaet ikkje minst ein del historiar om korleis livet var i «gamle dagar».

Som ein del av temaet har me laga «rullepølse», «sylte» og smør. Barna var litt «øvegidde» då eit halvt grisehovud låg på bordet, men deltok i «sylte-produksjonen» med stor iver.

Her vert grisehovudet studert nøye.

Her vert grisehovudet studert nøye.

Her må me skjære opp det kokte grisehovudet.

Her må me skjære opp det kokte grisehovudet.

Etter at me hadde hatt i krydder og varma det opp la me det ei former som vart sett i press.

Etter at me hadde hatt i krydder og varma det opp la me det ei former som vart sett i press.

Her er me i gang med rullepølsa.

Her er me i gang med rullepølsa.

Torill viser resultatet til alle barna.

Torill viser resultatet til alle barna.

 Så var det "kinning" av smør som stod for tur. Me måtte riste ei stund.

Så var det «kinning» av smør som stod for tur. Me måtte riste ei stund.

 

Til slutt vart det ein gul fin smørklump i glaset.

Til slutt vart det ein gul fin smørklump i glaset.

Som avslutning på temaet laga me ei utstilling. Personalet hadde med seg ein del gamle møbler, redskap m.m. og barna hadde laga litt forskjellig som vart vist fram. Foreldre, besteforeldre m.fl. som kom på utstillinga fekk òg smake på heimelaga pålegg m.m.

Ei "gammal" stove.

Ei «gammal» stove. Diktet «Veslemøy ved rokken» av Arne Garborg heng på veggen.

Hulda Garborg har fått tilnamnet "bunadens mor" så difor måtte me ha med ein bunad.

Hulda Garborg har fått tilnamnet «bunadens mor» så difor måtte me ha med ein bunad.

Eit kjøkkenbord med diverse reiskaper.

Eit kjøkkenbord med diverse reiskaper.

Dei minste på Perlene hadde laga kosedokker til sangen "Sulla meg litt du mamma mi"

Dei minste på Perlene hadde laga «kosedokker» til sangen «Sulla meg litt du mamma mi»

Jærlandskap i "miniatyr"

Jærlandskap i «miniatyr» med bl.a. hesje, steinbukk og torvmyr.

 

Tilsyn frå Miljøretta helsevern.

I dag har barnehagen hatt tilsyn frå Miljøretta helsevern. «Tilsynet» hadde bare ein kommentar iht arbeidet vårt 🙂 Me måtte informere alle foreldre om at det finnst ei «Forskrift om Miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v.» Her kan de finne «standard» for t.d. barnehagens innemiljø og utemiljø og kva krav de foreldre kan stille på t.d. desse områda.

Her er lenke til forskrifta:

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/veileder-til-forskrift-om-miljorettet-helsevern-i-barnehager-og-skoler