Arkiv for 'Siste nytt'

STUDIETUR TIL BODØ.

Måndag 30. april stod 23 damer klare for ein 3-dagars Bodøtur 🙂 Tenk!! endeleg var dagen komen 🙂 Me hadde gleda oss til denne turen sidan august. Det vart 3  heilt fantastiske dagar kor opplevingane stod i «kø».

GOD PÅSKE.

I dag vart me overraska av Kathrine og Kari Klukk som kom på besøk 🙂 Dei spelte opp til «fugledans» ute og jammen hadde dei med seg to fulle korger med flotte, fargerike egg. Det viste seg at egga var ganske spesielle….men så var jo hønene ganske spesielle dei òg.

YNSKJER DYKK ALLE EI FIN PÅSKEHØGTID 🙂

TRYGGHEIM-OL.

I dag, 21.02.18, har me hatt ein veldig kjekk dag i barnehagen 🙂  Me har avvikla Tryggheim-OL med iver, glød og stor innsats frå både små og store.

 

Medaljeseremonien vart avslutta med felles-sang: «Ja vi elsker».

Me måtte òg ha ein felles «OL-floke» før me avslutta dagen med å sløkke OL-elden.

Etter stor innsats på alle arenaer smaka det veldig godt med asiatisk mat; steikt ris og vår-rullar som Aiza hadde laga til oss 🙂

Ein minnerik dag for alle 🙂

 

EI TIDLEG VALENTINHELSING.

Torsdag 8. februar fekk alle barn/foreldre med seg ei fin raud rose då dei gjekk heim etter endt barnehagedag. Det var representantar i gruppa «God kontakt» frå Nærbø Misjonsforsamling som ville gje eit synleg symbol på at dei set pris på alle som er brukarar av Tryggheim barnehage. Dei tykte det var kjekt å kunne bidra med ei lita oppmuntring på ein ellers veeeeldig grå og regntung dag.

Vèret gjorde at dei til slutt måtte trekke inn i gangen 🙂

BIBELTEMA OM JOSEF.

I januar månad har me fordjupa oss i historien om Josef. 1. og 2. februar inviterte me til utstilling kor barna fekk vise det dei hadde vore med å lage og dei fekk òg fortelje korleis det gjekk med Josef og brødrene til slutt.

Josef vart kasta i brønnen.

Farao drøymer om magre kyr og feite kyr, magre kornaks og feite kornaks. Josef kunne fortelje kva draumane varsla.

Josef får besøk av Jakob, faren sin, og alle brødrene. Dei får tilgjeving for alt det dei har gjort mot Josef.

Det var òg mogleg å få nokre smaksprøvar frå «kongens bord»

Barna var krye når dei fekk vise fram det dei hadde laga. Det vert litt annleis å ha laga t.d. ein av brødrene til Josef når han vert sett i ein samanhang…..eller ein slange ved brønnen Josef sat i.

KJEKK UTSTILLING OG GODT FRAMMØTE AV FORELDRE OG BESTEFORELDRE.

 

BEST I HÅ.

I dag har me feira 🙂 Det har den seinare tida vore stort fokus på barnehagane og resultat av brukarundersøkingar. Utdanningsdirektoratet har publisert resultat for den einskilde barnehagen som deltok i deira undersøking som vart gjennomført i november. Stavanger Aftenblad publiserte i dag 02.02.18 resultat frå fleire kommunar deriblant Hå.

Brukarundersøkinga vart gjennomført i februar 2017.

«Me er den beste barnehagen fordi me har dei beste ungane og dei beste vaksne». Alle var einige om  at det var slik det måtte henge saman.

Då måtte me henge denne plakaten på dørene.

 

 

 

GOD JUL.

I dag har me hatt Nisse-fest i barnehagen. Mange flott raude og blå nissar. Nokre med lange huer og nokre med korte, nokre med kjolar og andre med «nikkers». Alle var klare til skikkeleg nisse-fest 🙂 Me hadde samling kor me fekk sjå og høyre og  jule-evangeliet ved hjelp av skuggeteater og Bjørn Edsvåg sin julesong «I en natt».

Etterpå var det «Nisse-regle» og gang rundt juletreet. Risengryns-graut med sukker, kanel, smør og rosiner gjekk ned på høgkant 🙂  Medan me åt haure me det trampa på loftet og jammen fekk me besøk av Nissefar.

ME YNSKJER DYKK ALLE EI VELSIGNA JULEHØGTID og ALT GODT FOR DET NYE ÅRET!

«OM MOBBING I BARNEHAGEN OG BETYDNINGEN AV VENNSKAP»

Torsdag 21. september var det klart for årets fyrste foreldremøte. FUB, foreldreutvalget for barnehager, representert ved Åse-Berit Hoffart var med oss denne kvelden. Temaet for kvelden var «Om mobbing i barnehagen og betydningen av vennskap». Godt frammøte viser at dette er eit viktig tema både for foreldre og personal og Berit ga oss gode innspel for vidare arbeid  og samarbeid om desse utfordringane.

Her finn de presentasjonen:

Om mobbing i barnehagen og betydningen av vennskap.

ÅRETS STORE «HAPPENING».

Inneklemt mellom to regntunge dagar skein sola 🙂 og me i barnehagen var kjempeklar for «Tryggheimsmarken». Denne dagen hadde me sett fram til lenge og alle var spente på korleis dagen skulle bli. Det vart ein KJEMPESUKSESS!! Sidan eit av fokusområda våre dette barnehageåret har vore KULTUR/DEN JÆRSKE KULTUREN ville me gjere ein «vri» på den årlege sommaravslutninga. Foreldre hadde i førekant blitt oppmoda om å kle familien i klede frå «gamle dagar» og det var mange flotte vaksne og barn som kom inn porten denne ettermiddagen. Me starta ettermiddagen kl. 17.00 med ei samling kor me fekk høyre sang og lokale rim og regler av barna. Alle barna som no skal begynne på skulen fekk kvar si bok i avskjedsgåve. Etterpå var det bare å bruke tida på dei ulike aktivitetane og salsbodene .

 

Eit lite overblikk over ein del av foramlinga.

Etter samlinga var det klart for både mat, aktivitetar og «dyr-sku».

Inntekta me fekk frå salet ca. kr. 5000,- går til misjonsprosjektet vårt.

I grua var det mogleg å spidde pølser og steike pinnebrød på bålet.

Barna kunne òg delta i ulike aktivitetar.

Som seg hør og bør på ein marknad var det òg ulike dyr på plass som barna kunne sjå på og/eller kose med.

Ettermiddagen gjekk fort. Såg ut som både små og store kosa seg. Etter tilbakemeldingane me har fått i etterkant så vert det nok ikkje siste gongen me inviterer til  «Tryggheimsmarken».

Her er den gode gjengen som laga ein flott og minnerik ettermiddag for barn og foreldre.

DUGNAD 20. mai.

«Ska dåkke bjynna mæ struts?» 🙂 var spørsmålet me fekk frå naboane våre då ein gjeng foreldre var i gang med å sette opp eit høgare gjerde «rundt» fotballbanen vår 🙂 Me har i fleire år ynskt oss eit høgare gjerde for å unngå at ballen til stadighet havnar i potetåkeren hjå naboen. Dette prosjektet var hovudsatsinga for vårens dugnad.  Velsigna med «spisskompetanse» frå ein far som har jobb i Systemsikring gjorde at resultatet vart upåklageleg.

Før…….

 

…..undervegs……

…..og etter-bilete.

Ellers var det stor aktivitet og mykje godt arbeid vart gjort. Ingen sure miner å spore sjølv om vèret etterkvart vart litt surt.

Fallbassenget under dissa og under eit klatrestativ vart «endevendt».

Utemøblene våre fekk eit «ansiktsløft».

Luking langst gjerdet…….

…..og «soping» av uteplassen

I tillegg til dette  fekk me reinska fleire av dei mest utsette  kummane og me fekk gjort ei god oppgradering av sykkelbanen vår bak huset.

Etter ei god arbeidsøkt smaka det veldig godt med pizza, kaffi og twist.

STOR TAKK TIL ALLE SOM BRUKTE FRITIDA SI I BARNEHAGEN DENNE LAURDAGEN 🙂