Arkiv for 'Siste nytt'

«BRAVO-LEIKEN».

Satsinga for inneverande barnehage-år er «Godt språkmiljø for alle». Dette er satsingsområde i alle barnehagane i Hå kommune. I den forbindelse har me starta eit prosjekt i barnehagen som har namnet «Bravo-leiken». Materiellet er i utgangspunktet svært dyrt men Sparebankstiftelsen SR-bank Rogaland har «sponsa» oss gjennom eit føretak med namnet Intempo AS.

Bravo-leken – en del av hverdagen i barnehagen.

«Det kan hende at dere de siste par ukene har hørt barna snakke om «Bravoleken». Her kommer litt informasjon om hva dette handler om.

I vår barnehage har vi valgt å satse på «Bravo-leken» som et helhetlig verktøy iht språk-og begreps-læring på alle avdelingene. Hå kommune har satsingsområdet «Godt språkmiljø for alle» med størst fokus på 2-åringene så det er på småbarnsavdelingen vi også vil ha mest «trøkk».

Vi skal leke «Bravo-leken» i 5-10 minutt hver dag. Helt konkret vil det si at vi hver dag inviterer barna med i «Bravo-runden». Dette er en stasjonsbasert lek der barna får oppleve enten fem begrep gjennom alle sansene eller fem bokstaver på hver stasjon. Vi bruker skriftspråket, fordi det er en representasjon av et begrep, på samme måte som bilde og faktiske gjenstander er det. Barna blir kjent med ordene, bildene og bokstavene gjennom å smake, lukte, kjenne, sjå og høre. Vi har fire stasjoner og mellom stasjonene øver vi på å åle, krabbe, rulle, snurre, fly eller henge. Det barna opplever gjennom «Bravo-runden» inspirerer barna sin frilek gjennom dagen, og «Bravo-leken» blir fort en del av dagsrytmen i barnehagen. Begrepa legger grunnlaget for samtaler og opplevelser og de finner sin naturlege plass i hverdagen.

29.august var de fleste i personalgruppen på kurs for å få god innføring i måten vi skal jobbe på. Dette var kjempegod inspirasjon og motivasjon før vi gikk i gang. Vi har startet litt forsiktig og er ennå i en «prøvefase» men vi har allerede opplevd god effekt hos barna.

Andre barnehager og foreldre erfarer at gjennom «Bravo-leken» lærer barna mer enn de ellers ville ha gjort. Ved å få tilgang på flere ord, kanskje flere språk, faktakunnskap, noter og matematikk øker interesseområdet og motivasjonen for videre lek og læring. Entusiasme og mestringsopplevelser hører òg naturlig med som en del av «Bravo-leken». Vi feirer etter hver økt og jubler for hver ny ferdighet de lærer. På denne måten får barna positive assosiasjoner til læring og sosioemosjonell utvikling blir støttet!»

Ønsker du å lære mer om «Bravo-leken»? Da kan du lese mer på http://intempo.no

 

TRYGGHEIM BARNEHAGE 40 ÅR!

4. september starta me markering av at Tryggheim barnehage har vore i drift i 40 år. Tryggheim skular feirer 100-års-jubileum så denne dagen var me invitert til konsert på Tryggheim vgs. Det var Lisa Børud som stod på scenen og «skulebarna» i barnehagen fekk vere med henne og synge «Skolesang». Det var stor stas 🙂 og me var ganske «høge» både store og små då me returnerte til barnehagen.

Neste post iht markeringa var «open dag» laurdag 7. september. Coop Mega hadde sponsa ei flott kake og ellers var det nysteikte lappar og pop-corn å fylle magane med.

Me fekk besøk av ordførar Jonas Skrettingland. Me fekk fine «ord» og fine blomar frå han. Til takk fekk han med seg ei hue med namn og logo til barnehagen 🙂

Kjekt med såpeboble-maskin

«Regnbueløva» måtte tole blaute svampar.

 

Lars med ballongane var populært innslag

Ein flott dag med mykje folk på besøk 🙂

Sundag 8. september var barnehagen invitert til familiesamling på Nærbø bedehus. Misjonsforsamlinga hadde barnehagen i fokus denne dagen. Barnehagebarna song og det var servering av pølser og gelè etter møtet. Det var helsing frå AS-administrasjonen v/ Steinar Nessa og frå NLM regionalt + frå leiar i NLM sitt hovedstyre Raymon Bjuland. Barnehagen fekk òg overrakt ei gåve frå NLM region Sørvest på kr. 4000,-

Denne dagen vart det òg delt ut medalje for «lang og tru tenste» til Margareth Stokka og Svanhild Taksdal Søiland.

Stein Aarsland, Margareth Stokka, Svanhild T. Søiland og Steinar Nessa

Måndag 9. september feira me oss sjølve i barnehagen med «gelè-sjeve». Eit litt «sært» jærsk ?? fenomen som kanskje har gått litt i gløymeboka? Dette var svært populær selskapsmat i barneselskap for 40 år sidan: lys spiral-loff med gelè og krem ..mmmmmm 🙂

Tysdag 10. september var det igjen fest på bedehuset og denne ettermiddagen markerte avslutninga på «fest-veka»

Me starta kvelden kl. 17.00 med varm mat i kjellaren på bedehuset. Det var dekka til ca. 200 personar. Ei tilsett i barnehagen hadde laga steikt ris og me hadde varma pølser i tillegg. Det smaka kjempegodt. Etter måltidet fortsette me festen oppe i hovudsalen.

Tidlegare styrarar var inviterte: Toril Bø, Bente Gudmestad, Gerd Lillian Nærland, Astrid Grastveit og Tobi Varhaug Haugstad. Wenke Størksen Skåland var òg styrar ei tid men kunne diverre ikkje møta.

Tidlegare styrarar i barnehagen var spesielt inviterte.

Ei helsing frå Toril Bø, fyrste styraren i barnehagen

 

Personalet i barnehagen fortente òg litt oppmerksomhet. Dei hadde jammen stått på og fekk gjennomført markeringa på ein kjempeflott måte.

Ei rose til kvar av det flotte personalet

Harald Berge Breistein, dagleg leiar i NLM-barnehagene AS-et hadde òg teke turen til Nærbø denne ettermiddagen og hadde ei helsing og fine blomar med seg. Kjekt at foreldra får eit «ansikt» bak namna som dukkar opp i diverse skriv.

Etter at alle «formalitetar» var unnagjort var det tid for å sleppe til JARLE WALDEMAR.

Han fekk med seg både store og små og bidrog til at det vart ei flott avslutning på ei kjekk 40-års-markering.

TUSEN TAKK til alle foreldre som bidrog med hjelp på dei ulike arrangementa og på dugnaden den 5. september.

«Det er sunt å feire fødselsdagar. Statistikken viser at det er dei som feirer flest fødselsdagar som lever lengst» 🙂

VELKOMEN TIL NYTT BARNEHAGE-ÅR.

Velkomen til barnehagen etter to veker med «feriestenging».  Spanande å kome att og sjå alt som er blitt gjort her i løpet av sommaren. Nymåla vegger, lister, karmar og nytt belegg på dei fleste golva. HEILT FANTASTISK !!

Spesielt velkomen til alle dykk «nye» foreldre som skal starte «barnehagelivet» her hjå oss 🙂 Me håper de vil trivast her både de og barna dykkar og at me skal få mange kjekke gode dagar i lag framover.

 

ÅRSPLAN FOR 2019-2020.

Årsplanen for neste barnehage-år 2019 og 2020 er godkjend i SU og eigarstyret.

 

ÅRSPLAN, 2019-2020

 

TILVENNING.

Tida går fort og barnehage-året 2018-2019 er snart over. Det er tid for å førebu tilvenning av nye barn til hausten. Her finn de litt informasjon om korleis me i barnehagen jobbar i tilvenningsperioden slik at de og barnet dykkar kjenner dykk trygge og ivaretekne i den fyrste sårbare dagane etter barnehagestart.

Tilvenning

 

VERDIPLATTFORM.

Hausten 2017 fekk NLM-barnehagene presentert ny VERDIPLATTFORM. Alle tilsett i NLM sine barnehagar er forplikta på dette dokumentet så i oktober 2018 starta me med implementeringsarbeid i personalgruppa.  Dersom de vil vite meir om kva denne plattforma handlar om og kva betydning den har for arbeidet vårt i barnehagen så finn de den her: Verdiplattform

FORELDREMØTE.

9.APRIL blir det foreldremøte i barnehagen. Tidspunkt: 19.30-22.00 (ca). Me er så fantastisk heldige at me har fått med oss KARI PAPE denne kvelden. Vil anbefale dykk alle å prøve å få barnevakt slik at begge foreldre har mulighet for å få med seg dette føredraget. Det er vel verdt å investere tid på.

Gjennom barnehageåret 2018-2019 har Kari vore engasjert av Hå kommune i eit prosjekt kalla «leiing i alle ledd». Her har pedagogar vore på kurs tilsaman 4 gonger med påfyljande arbeidsoppgåver i mellomperiodane kor me har hatt fokus på leik. Veldig kjekt, engasjerande og lærerikt.

Kari er fantastisk flink til å formidle det ho brenn for: BARN OG LEIK.

Her kan de få ein liten smakebit på noko av det som ho nok vil vere innom.

Vil de ha meir informasjon om henne kan de finne det her:

http://pape.no/

 

 

GOD JUL.

Året 2018 er snart historie og me kan sjå attende på eit år med mange gode opplevingar i lag med barna dykkar.

 

Med denne fine julesalmen av Trygve Hoff ynskjer me dykk alle ei fredfull julehøgtid og alt godt for det nye året 2019.

Velsigna du dag over fjordan, velsigna du lys over land
Velsigna de evige Ordan, om håp og ei utstrakt hand
Verg dette lille du gav oss, den Dagen du fløtta oss hit
Så vi kjenne du aldri vil la oss forkomme, i armod og slit

Vi levde med hua i handa, men hadde så sterk ei tru
Og ett har vi visselig sanna, vi er hardhausa vi som Du
No har vi den hardaste ria, vi slit med å kare oss frem
mot lyset og adventsti’a, d’e langt sør tel Betlehem

Guds fred over fjellet og åsen, la det gro der vi bygge og bor.
Guds fred over dyran på båsen og ei frossen og karrig jord
Du ser oss i mørketidslandet, du signe med evige Ord
husan, og fjellet og havet, og folkan som lever her nord

Santa Lucia :)

Idag har me feira Santa Lucia 🙂 Regnbuegruppa frå Sommarfuglane kom inn i samlinga og song fine songar for oss. Så pynta me bordene litt ekstra idag 🙂
Ha ei fortsatt fin førjulstid 🙂

smartcapture

smartcapture

Idag har stjernene fått bakt julekaker. Ungane koste seg veldig med det 🙂 Me nyt førjulstida med dei gode barna me har på avdelingen 🙂