Plan for januar.

Me har starta på det siste halve året for alle i Kalaharigruppa. Spanande tider for dei med skule-klubb i barnehagen og forhåpentlegvis skulebesøk etterkvart.

Plan for januar.

Me er i gang med eit nytt år og vinteren er komen på besøk. God start på året med kjekke dagar ute i flott vintervèr. Me er ikkje akkurat utskjemde med slike dagar så me nyt dei 🙂

ENDRINGAR I BARNEHAGELOVA.

Frå 01.01.2021 er det endringar i barnehagelova og dei fleste paragrafane har fått ny nummerering. Den viktigaste endringa gjeld barna sitt barnehagemiljø.

Ny mobbelov i barnehagen

Barnehagen har fått nytt regelverk for barnehagemiljøet. Den nye mobbeloven skal sørge for at alle barn får en trygg og god barnehagehverdag. 

Hva er nytt i regelverket for barnehagemiljøet?

  • Barnehagen har et ansvar for å følge med på hvordan alle barna har det.
  • Alle ansatte har en plikt til å gripe inn, hvis et barn ikke har det bra.
  • Barnehagen må undersøke, og sette inn tiltak hvis et barn ikke har det bra.
  • Alle som jobber i barnehagen skal melde fra til styrer, hvis de får mistanke om et barn ikke har det trygt og godt.
  • Barnehagen må lage en skriftlig plan, hvis et barn ikke har det bra i barnehagen.
  • Barnehageeier har ansvar for at barnehagene følger reglene, og må legge til rette for at barnehagen oppfyller kravene i loven.

Her finn de meir utfyllande informasjon:

Månadsplan for januar.

NY SØKJEPORTAL.

Hå kommune har fått ny søkjeportal. Alle som ynskjer endring i barnehagetilbodet frå hausten -21 må gjere dette i denne portalen. Det er bare dei av dykk som skal ha same tilbodet t.d. 3 dagar men ynskjer å endre vekedagane som kan gje melding om dette til styrar. Alt anna må gjerast via søkjeportalen.

Lenke til søkjeportalen: https://barnehage.visma.no/ha

GODT NYTT ÅR.

Eit annleis år med ei annleis avslutning vert «overskrifta» når me ser attende på 2020. Me er takknemlege for at me så langt har unngått korona-smitte med påfylgjande karantene og kanskje stenging. TAKK for at alle de foreldre har vore positive til alle smitteverns-rutinar som har «kome og gått» i løpet av månadane sidan mars. Me får halde ut ei stund til så håpar me at vaksineringa etterkvar gjer at me kan leve «normalt» att.

ME GLER OSS TIL DET 🙂

ADVENT.

Førjulstid….ei tid med forventningar, spenning, lukter, tradisjonar……ei litt annleis tid i barnehagen. Me ynskjer at denne tida vil gje barna gode opplevingar gjennom ulike aktivitetar som laging av julegåver, julepynt, julekaker men ikkje minst gjennom samlingar kring Jesusbarnet i krubba.

No tenner vi det fyrste lys, åleine må det stå.

Vi ventar på det vesle barn, i krubba lagt på strå.

No tenner vi det andre lys, det står der stillt og skin.

Vi venter på at Gud, vår far, skal sende sonen sin.

No tenner vi det tredje lys, det er eit heilagt tal.

Vi ventar på at Kongen vår, skal fødast i ein stall.

No tenner vi det fjerde lys, og natta vert til dag.

Vi ventar på ein Frelsarmann for alle folkeslag.

Månadsplan for desember

Månadsplan for desember.

Me er allereie komne til desember månad, ein månad kor me har lyst å lage mange gode opplevingar for barna. Me prøver å halde roen og ikkje ha for mykje på programmet men koser oss med samlingar, songar og andre aktivitetar som høyrer med til juleførebuinga.

BARNAS MISJONSPROSJEKT.

I oktober månad har temaet vore «Barnas misjonsprosjekt». Denne gongen gjekk innsamlinga til Indonesia. I ei spesiell tid med Covid-19, smittevern og restriksjonar var det ei utfordring å finne «aktivitetar» foreldra kunne støtte. Kreativiteten blomstra. Barna hadde med flasker som me panta, dei laga «forundringsposar» som foreldra kunne kjøpe og barna kunne betale kr. 50,- for aktivitetskort.

Ein av aktivitetane var
balansering på line

Ein annan aktivitet var snekring.

Personalet lova òg å «hoppe i havet» dersom foreldra sponsa «sjøbad» med kr. 5000,-.

For fyrste gong har me òg nytta Vips slik at barn/foreldre slapp å ha med kontantar.

Responsen frå foreldra var svært god og me samla inn tilsaman:

                                       kr. 14680,- 

      TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR BIDRATT TIL EIT KJEMPEFLOTT RESULTAT.

Og personalet har gjort som dei lova…..og «hoppa i havet» og laga film som ligg på facebook-sida 🙂

 

Ein sprek gjeng som badar i oktober 🙂

Her er lenke til filmen for dykk som ikkje har tilgang til facebook sida vår.

 Video_1.mp4