Førjulstid….ei tid med forventningar, spenning, lukter, tradisjonar……ei litt annleis tid i barnehagen. Me ynskjer at denne tida vil gje barna gode opplevingar gjennom ulike aktivitetar som laging av julegåver, julepynt, julekaker men ikkje minst gjennom samlingar kring Jesusbarnet i krubba.

No tenner vi det fyrste lys, åleine må det stå.

Vi ventar på det vesle barn, i krubba lagt på strå.

No tenner vi det andre lys, det står der stillt og skin.

Vi venter på at Gud, vår far, skal sende sonen sin.

No tenner vi det tredje lys, det er eit heilagt tal.

Vi ventar på at Kongen vår, skal fødast i ein stall.

No tenner vi det fjerde lys, og natta vert til dag.

Vi ventar på ein Frelsarmann for alle folkeslag.