I oktober månad har temaet vore «Barnas misjonsprosjekt». Denne gongen gjekk innsamlinga til Indonesia. I ei spesiell tid med Covid-19, smittevern og restriksjonar var det ei utfordring å finne «aktivitetar» foreldra kunne støtte. Kreativiteten blomstra. Barna hadde med flasker som me panta, dei laga «forundringsposar» som foreldra kunne kjøpe og barna kunne betale kr. 50,- for aktivitetskort.

Ein av aktivitetane var
balansering på line

Ein annan aktivitet var snekring.

Personalet lova òg å «hoppe i havet» dersom foreldra sponsa «sjøbad» med kr. 5000,-.

For fyrste gong har me òg nytta Vips slik at barn/foreldre slapp å ha med kontantar.

Responsen frå foreldra var svært god og me samla inn tilsaman:

                                       kr. 14680,- 

      TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR BIDRATT TIL EIT KJEMPEFLOTT RESULTAT.

Og personalet har gjort som dei lova…..og «hoppa i havet» og laga film som ligg på facebook-sida 🙂

 

Ein sprek gjeng som badar i oktober 🙂

Her er lenke til filmen for dykk som ikkje har tilgang til facebook sida vår.

 Video_1.mp4