Me skriv allereie august månad og sommarvarmen er komen 🙂 Me har flotte dagar i barnehagen, mykje sol og mykje utetid. No ventar me på ein god gjeng nye barn som skal starte barnehagelivet her hjå oss. HJARTELEG VELKOMEN til både barn og foreldre. Me håper at de vil finne dykk godt til rette og få mange gode opplevingar i løpet av tida de er her.