..….og klar for skulestart til hausten 🙂 Torsdag 18. juni var alle «skulebarna» samla til avslutningsfest i Tryggheim barnehage. Fantastisk vèr gjorde at me kunne gjennomføre ei fin ettermiddag-samling trass smittevernreglar m.m.

Mykje har vore annleis denne våren og mykje av det dei har gleda seg til har blitt avlyst. Det var difor ekstra kjekt at me fekk ha ein liten avslutningsfest for «bare» dei.

Ungane gleda foreldra med flott sang og dei fekk utdelt ei «minne-gåve» frå barnehagen. Me hadde òg leiken «Lille Willy» 🙂

Plutseleg banka det på vindauga og jammen hadde me fått besøk av sjølvaste LINKUS.

Han hadde med seg Norene og saman  viste dei på kartet både land han hadde vore i og kva land han skal besøkje.

Til slutt var han med og delte ut is til barna. STOR STAS!

Ein koseleg ettermiddag i lag med ein flott «skule-gjeng».

«Me heie på dåkke å ønske dåkke lokka te på skulen» 🙂