Eeeeendeleg var dagen komen!! Me har venta leeeenge på ei gåve barnehagen skulle få i forbindelse med at den runda 40 år i september. Byggfag på Tryggheim hadde laga ein stor, flott BENSINSTASJON til oss 🙂 Me er kjempeheldige som har slike gode «naboar». 8.juni var det stor glede blant barna i barnehagen og spesielt «skulebarna» som fekk vere med på «snorklyppinga».

Først måtte bensinstasjonen fraktast frå skulen og inn i barnehagen. Så skulle den manøvrerast på plass på tomta. Vaktmester-Gunnar på traktor handterer det meste så òg denne utfordringa.

Lærar Werner viser barna at me må tenkja «bærekraft» så bensinstasjonen har sjølvsagt fått ladestasjon òg.

To av barna i barnehagen var heldige og fekk klyppe snora.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Litt «stive» prisar på drivstoff……

…. men det såg ikkje ut som det virka inn på iveren for å få fylle tanken 🙂