Eeeeendeleg var kvardagen tilbake og me kunne ynskje alle barn og foreldre velkomen tilbake til barnehagen 🙂  Sjølv om dei ikkje møtte heilt den same barnehagen som dei forlèt den 12. mars så har den første veka gått veldig fint. Barna er blitt trygge igjen og er fordelte i mindre grupper med faste vaksne. Fungerer veldig bra så lenge opningstida er redusert. Det vert spanande å sjå korleis me klarer å organisere dette når me må ha full opningstid.