I dag har regjeringa lagt fram ny smittevernveileder for barnehagar og den er gjeldande frå d.d. altså 15.04.20. Veiledaren gir oss i barnehagen gode og trygge retningsliner når me opnar barnehagen og skal ta imot barna måndag den 20. april. Me ynskjer sjølvsagt at både barn, foreldre og tilsette skal oppleve ein trygg og god  kvardag i barnehagen og vil gjere alt for at ingen skal verte smitta av korona-viruset. Me er avhengige av at de som foreldre er med «på laget» så difor oppmodar me alle til å lese veiledaren.

Under finn de lenke til veiledaren:

Veileder om smittevern i barnehager