4. september starta me markering av at Tryggheim barnehage har vore i drift i 40 år. Tryggheim skular feirer 100-års-jubileum så denne dagen var me invitert til konsert på Tryggheim vgs. Det var Lisa Børud som stod på scenen og «skulebarna» i barnehagen fekk vere med henne og synge «Skolesang». Det var stor stas 🙂 og me var ganske «høge» både store og små då me returnerte til barnehagen.

Neste post iht markeringa var «open dag» laurdag 7. september. Coop Mega hadde sponsa ei flott kake og ellers var det nysteikte lappar og pop-corn å fylle magane med.

Me fekk besøk av ordførar Jonas Skrettingland. Me fekk fine «ord» og fine blomar frå han. Til takk fekk han med seg ei hue med namn og logo til barnehagen 🙂

Kjekt med såpeboble-maskin

«Regnbueløva» måtte tole blaute svampar.

 

Lars med ballongane var populært innslag

Ein flott dag med mykje folk på besøk 🙂

Sundag 8. september var barnehagen invitert til familiesamling på Nærbø bedehus. Misjonsforsamlinga hadde barnehagen i fokus denne dagen. Barnehagebarna song og det var servering av pølser og gelè etter møtet. Det var helsing frå AS-administrasjonen v/ Steinar Nessa og frå NLM regionalt + frå leiar i NLM sitt hovedstyre Raymon Bjuland. Barnehagen fekk òg overrakt ei gåve frå NLM region Sørvest på kr. 4000,-

Denne dagen vart det òg delt ut medalje for «lang og tru tenste» til Margareth Stokka og Svanhild Taksdal Søiland.

Stein Aarsland, Margareth Stokka, Svanhild T. Søiland og Steinar Nessa

Måndag 9. september feira me oss sjølve i barnehagen med «gelè-sjeve». Eit litt «sært» jærsk ?? fenomen som kanskje har gått litt i gløymeboka? Dette var svært populær selskapsmat i barneselskap for 40 år sidan: lys spiral-loff med gelè og krem ..mmmmmm 🙂

Tysdag 10. september var det igjen fest på bedehuset og denne ettermiddagen markerte avslutninga på «fest-veka»

Me starta kvelden kl. 17.00 med varm mat i kjellaren på bedehuset. Det var dekka til ca. 200 personar. Ei tilsett i barnehagen hadde laga steikt ris og me hadde varma pølser i tillegg. Det smaka kjempegodt. Etter måltidet fortsette me festen oppe i hovudsalen.

Tidlegare styrarar var inviterte: Toril Bø, Bente Gudmestad, Gerd Lillian Nærland, Astrid Grastveit og Tobi Varhaug Haugstad. Wenke Størksen Skåland var òg styrar ei tid men kunne diverre ikkje møta.

Tidlegare styrarar i barnehagen var spesielt inviterte.

Ei helsing frå Toril Bø, fyrste styraren i barnehagen

 

Personalet i barnehagen fortente òg litt oppmerksomhet. Dei hadde jammen stått på og fekk gjennomført markeringa på ein kjempeflott måte.

Ei rose til kvar av det flotte personalet

Harald Berge Breistein, dagleg leiar i NLM-barnehagene AS-et hadde òg teke turen til Nærbø denne ettermiddagen og hadde ei helsing og fine blomar med seg. Kjekt at foreldra får eit «ansikt» bak namna som dukkar opp i diverse skriv.

Etter at alle «formalitetar» var unnagjort var det tid for å sleppe til JARLE WALDEMAR.

Han fekk med seg både store og små og bidrog til at det vart ei flott avslutning på ei kjekk 40-års-markering.

TUSEN TAKK til alle foreldre som bidrog med hjelp på dei ulike arrangementa og på dugnaden den 5. september.

«Det er sunt å feire fødselsdagar. Statistikken viser at det er dei som feirer flest fødselsdagar som lever lengst» 🙂