Måndag 30. april stod 23 damer klare for ein 3-dagars Bodøtur 🙂 Tenk!! endeleg var dagen komen 🙂 Me hadde gleda oss til denne turen sidan august. Det vart 3 heilt fantastiske dagar kor opplevingane stod i «kø».
- Her er Tryggheims-gjengen klare for «take off»
- Planleggingsdag 1. mai
- Me fekk leie eit konferanserom på hotellet
- Her jobbar me med årsplan og Rammeplan
- Konsentrerte om arbeidet
- Etter ei økt med fagleg jobbing var me klare for tur med RIB-båtar til Saltstraumen.
- Fasinerande naturfenomen
- Gjengen i båten
- «Mannen i Landego». Flott utsikt på veg opp til Keiservarden.
- Eigarstyret i barnehagen hadde ordna overraskelse til oss. Me kosa oss med kjempegod marsipankake.
- Kjekke tips og idear å ta med heim etter barnehage-besøk
- Lur måte å halde orden på drikkeflaskene på varme dagar.
- Gamle pallar kan brukast til gode utemøbler.
- 3 dagar går fort og me måtte vende nasen heimover.