I dag, 21.02.18, har me hatt ein veldig kjekk dag i barnehagen 🙂 Me har avvikla Tryggheim-OL med iver, glød og stor innsats frå både små og store.
- Me starta med innmarsj på «arenaen». OL-ringane som er laga av Blomane i fronten.
- Resten av deltakargjengen på veg inn på arenaen.
- Alle deltakarane fekk flott mottaking av frammøtt «heiagjeng».
- Medan me spela OL-hymna vart OL-elden tend.
- Her er curling-laget i gang på curlingbanen.
- «OL-floka» gjekk for full musikk og med stor innsats.
- Slalombakken baud på utfordringar men dei fleste klarte seg utan stygge fall.
- På langrenns-stadion var alle klare for ein runde i skiløypa.
- Godt smurde ski og godt pågangsmot hjå barna gjorde at alle kom alle i mål.
- Heldigvis var det lite vind så på skiskytings-arenaen gjekk det forholdsvis greit å treffe blink.
- Siste øvelse på programmet var kulekøyring.
- Me gjekk litt utanom reglane og let fleire starte samtidig.
- Etter at alle øvelsane var unnagjort var det tid for medaljeseremoni.
- Alle fekk ein flott sjølvlaga gullmedalje.
Medaljeseremonien vart avslutta med felles-sang: «Ja vi elsker».
Me måtte òg ha ein felles «OL-floke» før me avslutta dagen med å sløkke OL-elden.
Etter stor innsats på alle arenaer smaka det veldig godt med asiatisk mat; steikt ris og vår-rullar som Aiza hadde laga til oss 🙂
Ein minnerik dag for alle 🙂