I januar månad har me fordjupa oss i historien om Josef. 1. og 2. februar inviterte me til utstilling kor barna fekk vise det dei hadde vore med å lage og dei fekk òg fortelje korleis det gjekk med Josef og brødrene til slutt.

Josef vart kasta i brønnen.

Farao drøymer om magre kyr og feite kyr, magre kornaks og feite kornaks. Josef kunne fortelje kva draumane varsla.

Josef får besøk av Jakob, faren sin, og alle brødrene. Dei får tilgjeving for alt det dei har gjort mot Josef.

Det var òg mogleg å få nokre smaksprøvar frå «kongens bord»

Barna var krye når dei fekk vise fram det dei hadde laga. Det vert litt annleis å ha laga t.d. ein av brødrene til Josef når han vert sett i ein samanhang…..eller ein slange ved brønnen Josef sat i.

KJEKK UTSTILLING OG GODT FRAMMØTE AV FORELDRE OG BESTEFORELDRE.