I dag har me hatt Nisse-fest i barnehagen. Mange flott raude og blå nissar. Nokre med lange huer og nokre med korte, nokre med kjolar og andre med «nikkers». Alle var klare til skikkeleg nisse-fest 🙂 Me hadde samling kor me fekk sjå og høyre og  jule-evangeliet ved hjelp av skuggeteater og Bjørn Edsvåg sin julesong «I en natt».

Etterpå var det «Nisse-regle» og gang rundt juletreet. Risengryns-graut med sukker, kanel, smør og rosiner gjekk ned på høgkant 🙂  Medan me åt haure me det trampa på loftet og jammen fekk me besøk av Nissefar.

ME YNSKJER DYKK ALLE EI VELSIGNA JULEHØGTID og ALT GODT FOR DET NYE ÅRET!