Inneklemt mellom to regntunge dagar skein sola 🙂 og me i barnehagen var kjempeklar for «Tryggheimsmarken». Denne dagen hadde me sett fram til lenge og alle var spente på korleis dagen skulle bli. Det vart ein KJEMPESUKSESS!! Sidan eit av fokusområda våre dette barnehageåret har vore KULTUR/DEN JÆRSKE KULTUREN ville me gjere ein «vri» på den årlege sommaravslutninga. Foreldre hadde i førekant blitt oppmoda om å kle familien i klede frå «gamle dagar» og det var mange flotte vaksne og barn som kom inn porten denne ettermiddagen. Me starta ettermiddagen kl. 17.00 med ei samling kor me fekk høyre sang og lokale rim og regler av barna. Alle barna som no skal begynne på skulen fekk kvar si bok i avskjedsgåve. Etterpå var det bare å bruke tida på dei ulike aktivitetane og salsbodene .
- Ein gjeng i personalet hadde pynta med mykje fint ute.
- «Ola i bakken mæ 4 lus i nakken hadde en gris…
- …grisen spennde, Ola skjende, ø, mø i mårå ska du dø!»
- «Skulebarna» får med seg eit minne frå barnehagen

Eit lite overblikk over ein del av foramlinga.
Etter samlinga var det klart for både mat, aktivitetar og «dyr-sku».
- Gratis potetkaker. Me hadde steikt ca 200 stk. ALT forsvann. Møyfrid Njærheim hadde laga deigen og potetkakene smaka kjempegodt.
- Bakstekonene i gang med potetkakene.
- Lappesteikinga ute måtte etterkvart flyttast inn, men lappane smaka veldig godt.
- Lappekøen var til tider lang. Godt med litt ekstra-hjelp.
- Litt var det å få kjøpt òg bl.a. heimelaga slikkepinnar, havrekjeks og….
- ….såper
Inntekta me fekk frå salet ca. kr. 5000,- går til misjonsprosjektet vårt.

I grua var det mogleg å spidde pølser og steike pinnebrød på bålet.
Barna kunne òg delta i ulike aktivitetar.
- Potetskrelling på tid. «Vinnaren» klarte å skrelle ei potet på 13 sek.
- Hestesko-kasting.
- Hoppe tau.
- Gå på stylter.
- Endå til ein GRÅTASS hadde me fått låne.
Som seg hør og bør på ein marknad var det òg ulike dyr på plass som barna kunne sjå på og/eller kose med.
- Lam fekk me låne av Rasmus og Ingrid
- Høner….
- og kalvar fekk me låne av Lucas Evian.
- Theodor hadde med seg kaninane sine.
Ettermiddagen gjekk fort. Såg ut som både små og store kosa seg. Etter tilbakemeldingane me har fått i etterkant så vert det nok ikkje siste gongen me inviterer til «Tryggheimsmarken».