«Ska dåkke bjynna mæ struts?» 🙂 var spørsmålet me fekk frå naboane våre då ein gjeng foreldre var i gang med å sette opp eit høgare gjerde «rundt» fotballbanen vår 🙂 Me har i fleire år ynskt oss eit høgare gjerde for å unngå at ballen til stadighet havnar i potetåkeren hjå naboen. Dette prosjektet var hovudsatsinga for vårens dugnad.  Velsigna med «spisskompetanse» frå ein far som har jobb i Systemsikring gjorde at resultatet vart upåklageleg.

Før…….

 

…..undervegs……

…..og etter-bilete.

Ellers var det stor aktivitet og mykje godt arbeid vart gjort. Ingen sure miner å spore sjølv om vèret etterkvart vart litt surt.

Fallbassenget under dissa og under eit klatrestativ vart «endevendt».

Utemøblene våre fekk eit «ansiktsløft».

Luking langst gjerdet…….

…..og «soping» av uteplassen

I tillegg til dette  fekk me reinska fleire av dei mest utsette  kummane og me fekk gjort ei god oppgradering av sykkelbanen vår bak huset.

Etter ei god arbeidsøkt smaka det veldig godt med pizza, kaffi og twist.

STOR TAKK TIL ALLE SOM BRUKTE FRITIDA SI I BARNEHAGEN DENNE LAURDAGEN 🙂