20. april var ein god gjeng foreldre og personal samla i daglegstova på Tryggheim vgs. Me hadde invitert «Barnevakten» med oss denne kvelden. Me har tilgang til mange ulike digitale «dibbeduttar» og fleire kjem det nok til å bli framover. Det er difor viktig å ha eit bevisst forhold til bruken av digitale verkty og ei bevisst haldning til alle moglegheitene desse gir oss på godt og vondt.

Alexis Lundh frå «Barnevakten» hadde ei fantastisk formidlingsevne og fekk fleire av oss til å tenkja nye tankar iht nettbruken saman med barn samtidig som han hverken var formanande eller fordømmande.

Tips om gode «apper» til barn fekk me òg.

Her er diverse lenker kor de kan finne meir informasjon.

http://www.dubestemmer.no/

https://www.barnevakten.no/

https://www.datatilsynet.no/globalassets/global/04_veiledere/i_beste_mening_a4_bokmal_web.pdf