I dag var nokre av personalet i barnehagen oppe «før fuglane» for å ha alt klart til «Påskefrukost» kl. 07.30 🙂 Det vart servert kokte gule (lysebrune) egg og nysteikte rundstykker. Mange foreldre hadde sett av litt ekstra tid ved levering til å ha ei koseleg morgonstund i lag med barna. Kjøkkenet var pynta fint med påskeliljer (takk Åse Marie) og annan påskepynt som var laga av barna noko som laga ekstra fin rame rundt frukost-bordet.

Ynskjer alle ei riktig fin påske 🙂