Tysdag morgon 4.april var me ekstra spente på korleis vèret vart denne dagen. Me var inviterte på gardsbesøk i Stølen, Nesheim og me skulle GÅ. Heldigvis skein sola 🙂 Me fann fram vogner (sånn i tilfelle nokre måtte ha ein kvil) og gjorde oss klar til tur.
- Etter ein lang gåtur smaker det ekstra godt med pølse og melk rett fra tanken.
- Spanande å få sjå kalver på nært hold!
- Kalvehus.
- Besøk hjå sauene og dei nyfødte lamma.
- Dette lammet vart født berre nokre timer før me kom.
- Dissa i treet blei veldig populær!
- Stor stas å få hoppa på trampolinen!
- Takk for turen 🙂