Me har vore ein Løve–barnehage i 3 år og i dag vart det markert med stor fest 🙂 Barnehagen var pynta med «regnbue-vimplar» ute og inne var det ballongar i alle regnbuens fargar. Kl. 10.15 var me klar til felles-samling på kjøkkenet. Barna hadde laga flotte hattar som dei hadde på seg.

Flotte hattar med bilete av Regnbueløva på.
Så fekk me høyre historien om Løvemora som skulle føde ein liten løveunge

Regnbue-løva har lært PRIPP og PRAPP at det ikkje er greit å erte andre. Nå er dei gode vener alle saman.

Etter samlinga smaka det godt med pølse i brød.

….og bollar med krem og syltetøy til dessert.
Så var det deiligt å ta seg ein tur ut i snøen etterpå 🙂
Ei perfekt avslutning på ein kjempekjekk dag i barnehagen.
Med ynskje om ein fin ferie til alle dei som no skal ha vinterferie 🙂