Eit av fokusområda våre dette barnehage-året er den Jærske kulturen. November månad har vore vigd til Arne og Hulda Garborg, deira liv og forfattarskap. Borna har fått med seg mykje gjennom dette temaet ikkje minst ein del historiar om korleis livet var i «gamle dagar».

Som ein del av temaet har me laga «rullepølse», «sylte» og smør. Barna var litt «øvegidde» då eit halvt grisehovud låg på bordet, men deltok i «sylte-produksjonen» med stor iver.

Her vert grisehovudet studert nøye.

Her vert grisehovudet studert nøye.

Her må me skjære opp det kokte grisehovudet.

Her må me skjære opp det kokte grisehovudet.

Etter at me hadde hatt i krydder og varma det opp la me det ei former som vart sett i press.

Etter at me hadde hatt i krydder og varma det opp la me det ei former som vart sett i press.

Her er me i gang med rullepølsa.

Her er me i gang med rullepølsa.

Torill viser resultatet til alle barna.

Torill viser resultatet til alle barna.

 Så var det "kinning" av smør som stod for tur. Me måtte riste ei stund.

Så var det «kinning» av smør som stod for tur. Me måtte riste ei stund.

 

Til slutt vart det ein gul fin smørklump i glaset.

Til slutt vart det ein gul fin smørklump i glaset.

Som avslutning på temaet laga me ei utstilling. Personalet hadde med seg ein del gamle møbler, redskap m.m. og barna hadde laga litt forskjellig som vart vist fram. Foreldre, besteforeldre m.fl. som kom på utstillinga fekk òg smake på heimelaga pålegg m.m.

Ei "gammal" stove.

Ei «gammal» stove. Diktet «Veslemøy ved rokken» av Arne Garborg heng på veggen.

Hulda Garborg har fått tilnamnet "bunadens mor" så difor måtte me ha med ein bunad.

Hulda Garborg har fått tilnamnet «bunadens mor» så difor måtte me ha med ein bunad.

Eit kjøkkenbord med diverse reiskaper.

Eit kjøkkenbord med diverse reiskaper.

Dei minste på Perlene hadde laga kosedokker til sangen "Sulla meg litt du mamma mi"

Dei minste på Perlene hadde laga «kosedokker» til sangen «Sulla meg litt du mamma mi»

Jærlandskap i "miniatyr"

Jærlandskap i «miniatyr» med bl.a. hesje, steinbukk og torvmyr.