Onsdag 28. september var det tid for foreldremøte og mange foreldre fann vegen til daglegstova på Tryggheim vidaregåande skule denne kvelden 🙂

Tema for møtet  var «Være sammen» med fokus på mobbe-problematikken.

15. januar 2016 vart det signert eit nytt PARTNERSKAP MOT MOBBING. 12 sentrale organisasjonar i skule og barnehage vil arbeide saman med regjeringa MOT mobbing og FOR eit godt læringsmiljø. «Partnerskap mot mobbing» erstatter det som tidlegare vart kalla «Manifest mot mobbing». Partnerskapet skal vere organisert på sentralt nivå men skal òg virke lokalt.

Dokumentet PARTNERSKAP MOT MOBBING finn de her: partnerskap-mot-mobbing

Lokalt dokument for Hå kommune finn de her: partnerskap-mot-mobbing-ha

Personalet i barnehagen hadde rollespel om Regnbueløva som vart «mobba» fordi ho ikkje kunne BRØLE.

"Rulle, rulle, røle, du kan ikke brøle". Hyenene mobber Regnbueløva for at den ikkje kan brøle.

«Rulle, rulle, røle, du kan ikke brøle». Hyenene PRIPP og PRAPP mobber Regnbueløva for at den ikkje kan brøle.

PRIPP og PROPP har fanga rottebarna: Sløyfe, Hanske, Støvlett, Skalk og Gamasj

PRIPP og PRAPP har fanga rottebarna: Sløyfe, Hanske, Støvlett, Skalk og Gamasj

 

Regnbueløva fortel at det ikkje er greitt å stenge nokon inne i eit bur. ALLE må stå saman om å sei ifrå når andre ikkje har det bra!!

Regnbueløva fortel at det ikkje er greitt å stenge nokon inne i eit bur.
ALLE må stå saman om å sei ifrå når andre ikkje har det bra!!

Ramona von Rotter og løvemamma vart gode vener

Ramona von Rotter og «løvemamma» vart gode vener.

I dokumentet Partnerskap mot mobbing frå regjeringa heiter det bl.a.:

Me forpliktar oss til å bidra aktivt til :

  • «å bygge lokale nettverk slik at barn og unge kan oppleve en helhetlig og gjennomgående holdning  for gode oppvekstvilkår og mot mobbing».

Hå kommune utfordrar styar i barnehagen, tillitsvald, FAU og dei eldste barna om å engasjere seg og opprette eit PARTNERSKAP og utfordrar SU/eigarstyre til å vedta partnerskapet.

For oss i barnehagen er det dykk foreldre det vert mest naturleg å opprette partnerskap med. Me kan jobbe med utfordringa med t.d. utestenging til me vert «blåe i håve» dersom barna opplever andre haldningar til dette på heimebane.

Med dette som utgangspunkt fekk foreldra to utfordringar dei skulle diskutere «rundt borda»:

  • Er det greitt at foreldre kjem til personalet og ber oss om  å hindre at deira barn er saman med eit anna dei meiner har «dårleg påvirkning» ? Korleis kan me møte dette?
  • «Barnet dykkar har besøk av 3 vener. Så ringer det på døra og på trappa står barn nr. 4 som spør om å få vere med på leiken? Kva gjer de då?

Alle foreldre fekk òg utdelt ein artikkel som de kan finne her: mobbing-i-barnehagen

Oppfordrar alle til å lese denne.

Det var òg val av nye vararepresentantar til SU: HARALD THAULE og MARIE KVIA HALSNE.

Foreldrerepresentantar for inneverande barnehageår INGVAR VALSKÅR og BJARTE HARBO hadde god kontroll på informasjon og val 🙂