I dag og i går var me i ishallen på Nærbø 🙂
Det var utrolig kjekt ! Me hadde ein god lærar (ein hocky-spelar) som lærte oss å gå på skøyte.
Han hadde eit bra opplegg for oss. Me lærte å reisa oss opp, korleis å detta, korleis å gå, og me brukte hocky-kølle og fekk skyta på mål. Me fekk og sitta på bruskasse, og dei vaksne gav fart på oss. Etterpå åt me skive med banan og sylt 🙂