Denne veka har me hatt fleire dager med forming, kor ungane kunne velja om dei ville laga kanin eller kylling. Veldig kjekt, og ungane koste seg. Nokon ville ha to øyne på kyllingen/kaninen, men andre igjen tykte det passa best med eit eller tri, og det er jo då dei blir fine når ungane får bestemma sjølv. Oppi koppane putta me bomull, og så sådde me karse oppi. Veldig spennande for ungane å få fylja med når dei begynner å spira.

12804094_555756011250979_93268921_n IMG_0958 IMG_0959