Som avslutning på «godhets-veka» vår hadde me besøk av Ellen L. Aarsland som viste bilete og fortalde frå Ukraina. Barna har hatt med seg klede, leiker m.m. som Ellen fekk med seg.

IMG_0506IMG_0507

 

Bilen var full då ho for ifrå barnehagen.

 

 

 

Alle barna var einige i at me godt kunne dela med oss me som har det så godt og har så mykje. No vert det spanande å sjå kven som skal få leike med bamsane eller bilbanen. Ellen lova at ho skulle ta bilete slik at barna fekk sjå kven som skal få bruke det dei har hatt med seg.

FINT Å KJENNE PÅ GLEDA VED Å DELA!