Me er godt i gang etter jule-og nyttårsfeiring. Barna viser stor gjensynsglede og koser seg med venene sine her i barnehagen. Ute er det kuldegrader og inne lagar barna mat til småfuglane.
Me som bur på Jæren veit at snø ofte er mangelvare vinterstid sjølv om det ofte kan vere frost og kuldegrader i lange periodar. Dette fann me ut me kunne gjere noko med og har difor spandert på oss ei litt forseinka jule-gåve, nemleg ein SNØKANON 🙂 🙂 . Den er bestillt og kjem i neste veke. Me får bare håpe at kulda fortset ei stund til slik at me får ta den i bruk.