Som avslutning på temaet me har hatt i november, som var Pippi, ville me arrangere ein bursdagsfest i og med at Pippi også fyller 70 år i år. Festen starta med ein bursdagssamling for hedersgjesten Pippi, me sang «hurra for deg som fyller ditt år», skaut opp rakettar ( ikkje 70 stk :p ) og blåste såpeboblar. Når Pippi feirer bursdag i filmen for også alle gjestene kvar sin gave, det fekk også ungane. På treet hang det kvar sin pakke som inneholdt 2 ballongar. Etterpå var det fest mat med svenske kjøttbollar og potetstappe med muffins til dessert 🙂 Nam nam, det blei ein vellykka fest 🙂nett3 nett nett2