13. november reiser me til Stavanger og har ein felles planleggingsdag med dei andre 9 NLM-barnehagane her på Sør-Vest-landet.

Denne dagen skal Stig Torsteinson vere ilag med oss. Han har, i lag med 2 andre, skrive boka «Se barnet innenfra». Denne boka bruker me til kompetanseheving i personalgruppa dette barnehageåret.

I denne «film-snutten» gir Stig dykk ei kort innføring i temaet «tilknytning». Han kjem òg bl. a. inn på «Trygghets-sirkelen». Me har dei siste vekene hatt stort fokus på denne her i barnehagen og de har kanskje merka dykk at me har hengt den opp rundt omkring på huset.

Set av 5 min. (ca) ….eg garanterer at dei ikkje er bortkasta 🙂