Nytt for dette barnehage-året er at me har lagt «Barnas misjonsprosjekt» til oktober månad. Misjonslanda denne gongen var Peru og Bolivia. Dette har gjort at me faktisk har hatt to misjons-prosjekt inneverande kalender-år, men det såg ikkje ut til at det virka inn på engasjement og deltaking frå barn og foreldre. Mange flotte gevinstar hadde me fått frå barn/foreldre og noko hadde me fått frå diverse firma som hadde sponsa oss med reklame-materiell m.m. 🙂

Eit-par veker i førekant har me jobba med temaet og barna har bl.a. vore på «fygetur» til begge landa, fått høyre om folk og dyr og sett små «filmsnuttar». Dei har òg fått laga og smakt på mat frå desse landa.

Barna er i gang med å lage flotte "Peru-hattar"

Barna er i gang med å lage flotte «Peru-hattar»

Brit Jorunn og Sverre Hovda som har vore misjonærar i Peru hadde samling for oss. Dei fortalde mykje spanande og hadde med seg klede m.m. som dei viste oss.

Brit Jorunn viser korleis dei bar ungane sine i teppe på ryggen.

Brit Jorunn viser korleis dei bar ungane sine i teppe på ryggen.

Brit Jorunn har fått på seg klede som er typiske for damer i Peru.

Brit Jorunn har fått på seg klede som er typiske for damer i Peru.

Så var endeleg dagen komen som barna hadde gleda seg til. Fiskedam, Lykkehjul, pølser, muffins m.m.

Kjekt å handle i pølsebua.

Kjekt å handle i pølsebua.

IMG_0230

Klar for å snurre på Lykkehjulet

IMG_0231

«Kæ ska me velja?»….ikkje lett å bestemme seg når det er så mange flotte gevinstar.

IMG_0233

«Stinn brakke» og godt drøs.

TAKK TIL ALLE FORELDRE /BESTEFORELDRE m.fl. som støtta prosjektet vårt 🙂

Etter opptelling kunne me sette kr. 11411,- inn på konto til «Barnas misjonsprosjekt 2015-2016».