Hei!
Som de sikkert veit har me om «Misjon» denne månaden! 🙂
Me tek spesielt føre oss Sør-Amerika, og landa Peru og Bolivia.
Denne veka har me blant anna reist med fly til Sør-Amerika! Me fekk flybillett, flysete, servering på flyet – og me fekk sjå fuglar og folk som budde i desse landa. Me har og fargelagt flagga og fuglane og hengt dei på veggen saman med eit stort verdenskart! 🙂
Det var utruleg mange fine fargar!
I dag har me laga ein Boliviahatt kvar, som har same farge som flaget. Den vart utruleg fin! Me hadde og besøk av to misjonærar som fortalde om når dei budde i Peru og kva dei gjorde.
Her er litt bilete:

Her malar dei ein rød papp-tallerken og ein grønn papp-tallerken, desse limar me saman for å laga ein hatt 🙂