Hei!

I dag var me berre 13 born på Blomane og Sommarfuglane 🙂

Me har hatt ein kjekk dag med bretting av papir-sommarfuglar, leik med traktorar, spela og pusla.

Me har og mala på lerret, me har vore kunstnarar og teke oss god tid med maleria våre.

Tema var haust, og me mala på blad og trykka dei på lerreta 🙂

Valdis hadde ei koseleg samling kor me sang og las i boka «Hjula på bussen». Me hadde og «Kims leik» og «Kven er under teppet?».

Til lunsj fekk me gode ostesmørbrød som Kari laga, nam-nam!

Etter det gjekk me ut i den gode haust-vinden og leika gjemsel, dissa og sykkla. Etter frukt gjekk me inn i varmen att 🙂

 

DSCN4586

 

 

 

 

 

DSCN4584

 

 

 

 

 

 

DSCN4585

 

 

Takk for ein kjekk dag! 🙂