«Barnehagelivet» var tema for foreldremøtet no i haust. Mange foreldre lurer på kva som føregår i barnehagen i løpet av ein dag, ein månad, eitt år…. Denne kvelden hadde dei moglegheit for å få eit lite innblikk i kva barna deira får oppleve/erfare medan dei er her. Personalet var fordelt i 10 ulike grupper/stasjonar og foreldra gjekk frå ein aktivitet til ein annan. Dei fekk bl a. vere med på:

«Mini-røris» er nytt av året hjå oss. Foreldra fekk ei innføring i kva dette konseptet dreier seg om.
I tillegg til desse gruppene hadde me HINDERLØYPE ute, TAL/BOKSTAV-SAMLING og SKULE-KLUBB.
Det var òg val av nye vara-representantar til samarbeidsutvalet: INGVAR VALSKÅR og BJARTE HARBO.
Takk til alle «sporty» foreldre som deltok med stor iver og innsats og ikkje minst til eit flott personal som torer å by så mykje på seg sjølve.