Hei 🙂

I dag var me 16 born på Blomane. Det har vært ein utrulig god leik på avdelinga.

Blant anna har dei leika doktorleik i kjøkkenkroken kor Siv Anita var sjuk. Dei målte på handa at ho hadde høg feber, gav ho bedøvelse, sjekka øyre og hals, gav augnedråpar og opererte foten. Det ende med at ho var gravid og skulle få ei baby. Deretter vart eit born sjuk og måtte få medisin, Kari hadde ein sjukdom som dei måtte behandla.

Nokre born har laga gjerde og gjerda inne dyra.

Mange har laga smykke med tråd og fine perler.

Me har teikna og lese i bok, og nokre born høyrde eventyr i garderoben.

Nokre gutar har laga eit høgt tårn med treklossar, mens andre har vært på samlingsrommet og bygga med konstruksjonsleikar.

I samlinga hadde me om «Livet på gården» kor Siv Anita spela av dyrelydar, snakka om dyra, me fekk smaka på kva me kan få av dyra (ku=mjølk/kjøtt, sau=kjøtt-fårepølse, gris=kjøtt-servelat, høne=egg osv). Borna fekk smaka på, lukta på, kjenne på – så brukte me sansane for å finna ut kva dyr det var snakk om.

Me samtala med borna om «livet på garden» og fleire er frå gard eller har naboar som har kjyr eller griser. Veldig kjekk samling.

Til slutt song me «Eg vil byggja meg ein gard».

Etter lunsj gjekk me du, det var sol- men så byrja det å regna litt.

Elisabeth kjøpte nye gardinar til avdelinga. Berre kom å sjå!

 

TAKK FOR I DAG!

-Siv Anita, Kari, Elisabeth og Margareth

 

DSCN4411

 

 

DSCN4428

DSCN4413