Me er komne eit stykke ut i august månad og eit nytt barnehage-år er i gang. Denne hausten er det tilsaman 22 nye barn her hjå oss. Som alltid er det avdelinga for dei yngste, Perlene, som har flest nye. Det hjelper at desse stort sett er syskjen av eldre barn her så dei er vane med å gå ut og inn i dørene og dermed òg litt kjende.
Me er klare til å ta imot alle og vil, så langt me kan, gje barna dykkar eit trygt og godt opphald medan dei er i barnehagen. Me skal få eit innhaldsrikt og spanande år ilag med mange gode opplevingar og ikkje minst mykje leik.