58% av dykk foreldre deltok i brukarundersøkinga og samanlikna med barnehagane i kommunen,  ligg me nesten på topp. Ein barnehage hadde litt over 60% og ein til låg på same % som oss.

TAKK TIL ALLE SOM TOK SEG TID TIL Å SVARE.

Resultatet av undersøkinga er me òg svært godt nøgde med.

Gjennomsnittleg «fornøgdhet» med barnehagen er på 5,7 av 6.

Her er snittet for landet 5,2 og snittet for Hå er 5,1.

Snittet for alle spørsmåla er 5,5. Samanlikna med landet er dette snittet 5,1 og for Hå er det 5,0.

Ser ein på snittet på alle spørsmåla ligg me godt over både lands-snittet og snittet for Hå kommune på stort sett alle. Det einaste punktet som er nokså likt både landet og Hå er det som går på opnings-tider/variert opphaldstid. Der er snittet hjå oss 5,5 og i landet og Hå kommune 5,4.

Svært få hadde skrive kommentarar:

ISHALL: var sakna dette året. Me hadde plan om å gå i ishallen i mars/april. Fekk då beskjed om at den skulle stenge pga ombygging iht meieriet. Me skal gå neste år.

UTEOMRÅDET: kunne vore meir apparat. JA, me har planar, men økonomien tilseier at det er vanskeleg å planlegge investeringar. Me håper at tilskotsberekningane vil verte meir forutseielege dersom regjeringa vedtek ei ny finansieringsordning.

Her finn de fleire tal:

Utskrift av resultatet av undersøkinga frå «Bedre kommune»

 

Eg, som dagleg leiar av barnehagen, tek dette resultatet som eit teikn på at eg har svært gode medarbeidarar som kvar einaste dag legg ned ein stor innsats for at de foreldre kan vera trygge for at barnet/barna dykkar vert ivaretekne på aller beste måte medan dei er her i barnehagen.

TAKK TIL EIT FLOTT OG DYKTIG PERSONAL!