Me klarte det igjen! Vandrepokalen for beste barnehage i barnetoget gjekk til Tryggheim barnehage dette året òg. Ein flott gjeng barn, foreldre og tilsette i barnehagen sørga for at det vart både «roping» og sang frå me starta til me var i mål.

Her er me i toget med fana vår. «Duske-jentene» har visst viktige ting å drøfte.

IMG_0949 IMG_0952

«Byttå ska hjem» er det vel noko som heiter i ishocky-språket….nå får me seie det same. Klarer me ha same engasjement og «trøkk» neste år, seier ryktene at pokalen vert vår til odel og eige.