25. februar var aulaen på Tryggheim ungdomsskule fullsett av forventningsfulle barn og vaksne.

I samarbeid med misjonsforsamlinga på Nærbø var Jarle Waldemar invitert til ei samling for store og små.

Han formidla kjende Bibelhistoriar gjennom trylling og dramatisering. Barna var i fokus og fekk vere med på det meste. Ei veldig kjekk ettermiddag-stund.

Svart hest vert til kvit hest

Svart hest vert til kvit hest

Tollaren Sakkeus i aksjon.

Tollaren Sakkeus i aksjon.

4. mars var han tilbake på FORELDREMØTE. Her snakka han bl.a. litt om oppdragarstilar, kva me ynskjer å «fylle» barna våre med og kom med mange gode tips og påminningar om korleis ein kan praktisere «tru i heimen».