Me har eit stort fokus på leik i barnehagen vår. Rolleleiken betyr mykje for barns utvikling på omtrent alle områder. Barna får utvikle kreativitet, intulektuell vekst og sosiale ferdigheiter når dei er i leik. Dei får trene seg på konsentrasjon og utvikle språk, kommunikasjonsevne og begrep. Det kreves toleranse, fleksibilitet og følsomhet for at ein leik skal kunne fungere i lag med andre barn. Dei lever ut inntrykk dei har fått, følelser dei har kjent på og angst dei har opplevd.

Rolleleik er leik der barn leiker ilag to eller fleire saman. Dei går inn og ut av forskjellige roller og har pauser i leiken kor dei diskuterer sjølve leiken, kva er greit og kva er ikkje. Forstadiet til rolleleiken er parallelleik. Her leiker dei på side av kvarandre.

I februar har me hatt leikegrupper hjå Perlene. Fire ulike grupper som har rullert fra gong til gong. Ei gruppe har bada, ei har leika i dukkekroken, ei har leika på kjøkkenet med byggeklosser og togbane og ei gruppe har vore på tur eller leika ute. Tre til fire born på kvar gruppe og ein eller to vaksne. Gruppene har me delt inn på forhånd, der me har tatt utgangspunkt i alder og interesser hjå barna, dette for å legge til rette for god leik i dei ulike gruppene. Det me har erfart er at barna storkoser seg i desse små gruppene. Dei har funnet god ro til å leike rolleleik og parallelleik. Me kjem til å fortsette med å dele inn i smågrupper framover, der barna og får velgje kven og kva dei vil leike med. Det å få vera ein vaksen i mindre grupper gjer dei mykje meir oversiktleg og me føler me får gje meir til den enkelte av ungane på avdelinga. Når ein får ha to et/to-åringer som serverer kaffi i leikekoppen gong på gong, kjem krypande opp i fanget for å få lese bok og når dei til slutt skratt-ler når dei sitter oppi kvar sin trekasse og me køyrer fram og tilbake, då kan me kjenne at me har verdens beste jobb!