Me skriv 2015 og er i gang med eit nytt semester. Mange nye, ubrukte, spanande dagar ligg framføre oss. Dagar me skal fylle med godt innhald og gode opplevingar. Året starta på best mogleg måte…..renoveringa av kjøkkenet er i gang. Det blir måltid litt på «ein hytt» nokre dagar, men etterpå blir det veldig bra. 3 nye steike-omnar (2 kombiomnar damp/steik og ein vanleg), ny koketopp, litt fleire overskap og ikkje minst at me får oppvaskemaskinen opp i høgda slik at me kan spara ryggane våre. ME GLER OSS enormt til å ta kjøkkenet i bruk.