Me er komne eit godt stykke ut i august og me er godt i gang med tilvenning av nye barn. Det ser ut til at dei finn seg godt til rette her hjå oss men det er allikevel enno litt trist når mor og/eller far må gå.

Heldigvis har me mange gode vaksne som har eit fang og kan gje trøyst.

Eit nytt spanande år ligg framføre oss med dagar me skal fylle med mykje forskjellig. Me ynskjer alle velkomen til oss og ser fram til eit godt samarbeid med alle foreldre og mange kjekke trivelege dagar i lag med borna dykkar.

IMG_7831