I dag har alle barna i barnehagen fått erfaring med kva ordet demokrati betyr. Me har fått låne ei «ekte» val-urne frå kommunen og barna har vore med på eit demokratisk val for fyrste gong. Alle skulle få vera med på å bestemma om me skulle kjøpe fotballar eller «kenguruballar» (hoppeballar).

Fyrst måtte me registrere oss i «manntalet»

Stor valdeltaking gjorde at det vart litt kø framføre avlukket.

Hmmmmmm…ikkje så lett å bestemma seg…

Til slutt var det bare å legge konvolutten i val-urna.
Då alle hadde fått avgitt si stemme var det tid for opptelling. Teljekorpset hadde full kontroll og resultatet vart slik:
Fotballar: 27 stemmer
Kenguruballar: 50 stemmer.

Full konsentrasjon under stemmetelling.