9. MAI var det høgtideleg opning av den nye sykkel-banen vår. Foreldre var inviterte til kaffi og frukt frå kl 14.30. Barna sang «Løvelov-sangen» før Martin Egil, leiar i eigarstyret, klippa snora. 6 barn stod klare til å ta løypa i bruk. Desse hadde blitt plukka ut ved lodd-trekkning. Etterpå fekk alle som ville ta seg ein tur.

Barna syng «løveloven» av full hals.

Martin Egil klypper snora.
Han seier at alle som har lyst kan bruke cross-løypa på ettermiddagane.

Klare til å «trø» avgarde

Fleire får mulighet til å prøve seg i bakkane.

Sjølv om ikkje vèret var det finaste smaka det godt med kaffi og frukt ute i lag med forelda.