LAURDAG 5. APRIL stod ein god gjeng foreldre klar til å gjere ein skikkeleg dugnadsinnsats. Nokre hadde eit prosjekt i sykkelskuret med montering av diverse sykkelstativ, nokre renoverte grua vår, nokre var på «skoging» for å få bort litt kratt på baksida av barnehagen mens den største gjengen trilla masse til den nye cross-sykkel-banen vår. Ein kjempegod innsats frå heile gjengen og stor takk til alle som brukte ein del av fridagen sin til barnehagen.

Nærbø misjonsforsamling hadde smurt gode skiver og baka kake til oss. Det smaka kjempegodt med ein matbit mellom «slaga».