I dag har me i Tryggheim barnehage hatt aktivitetsdag. Perlene gjekk bort til grusbanen ved ungdomskulen.

IMG_4137

 

 

 

 

 

 

 

Då me var framme starta me med å stå i ein ring der me hadde nokre sangleikar; «Per sjuspring», «Hodet skulder kne og tå» og «Epler og pærer». Etterpå delte me gruppa inn i 3 grupper og laga til 3 aktivitetsstasjonar. Ein med trillebårløp, ein med hinderløype og ein med balleik med skudd på mål. Ungane sprang og virka som dei koste seg «ein heile hau». 🙂 Så gjekk me tilbake igjen til barnehagen. Der venta varme fiskekaker i hamburgerbrød. Ungane åt godt, nam 🙂

Takk for ein kjekk dag 🙂

IMG_4178 IMG_4177