I dag har det skjedd litt av kvart på Stjernene si avdeling. Det starta med at me fekk fylt opp akvariet med mange rumpetroll og insekt. Nokre av rompetrolla ligg i ein geleklump som små gjennomsiktige egg, mens fleire og fleire sym rundt med små svarte haler. Det vert interessant å fylgje desse trolla videre. Om ikkje lenge byrjer dei å få små bakføter, etterpå veks framføtene ut. Når dei har vorte store nok får dei auge og halane ramler av. Då er dei små mini frosker. Det blir spanande å sjå kor mange som veks opp. Det dei får å ete er nokre få havregrynsflak kvar dag og etterkvart salatblader.
I ei norgeskrukke over akvariet lever meitemark i moll. Me håper å få sjå nokre fine ganger som dei lager.
Dagens andre aktivitet var å plante gulerøtter. Ungane fekk plante frø i kvar sin dorull som dei fylte med moll. Desse sette me oppi ei bøtte med lecakuler og moll. Nå er det berre å vente å sjå kor fort dei veks. Planen er at alle ungane skal få kvar sin dorull med ei veksande gulerot oppi. Denne kan dei ta med seg heim og plante ut, slik at den vidare kan vekse seg stor. Ungane syntes det var veldig kjekt å få vera med å plante. Etter me var ferdige med gulerøttene fant me fram nye bøtter der me planta reddik 🙂 Våren er ei fantastisk tid med alt det nye livet som veks rundt oss.