Pølse og spagettidyr hjå Stjernene

Pølse og spagettidyr hjå Stjernene

Det er vel ingen tvil om at dei fleste barn synes det er veldig gildt å få vera med å lage mat. Dette var ein aktivitet som ungane likte veldig godt. Alle fekk utdelt pølser og spagetti biter som var delt i to, så var det bare å putte spagettien gjennom pølsene. Dei vart kjempetøffe og smakte veldig godt med ketchup på 🙂 Etter ein inspirerande foreldre kveld, der Margit Vea inspirerte oss til å lage god og sunn mat, gjekk me for eit sunnare alternativ med kyllingpølser og fullkornspasta 🙂