Me har begynt å så frø ilag med ungane. Dei har fått spadd mold opp i krokker, lagt oppi frø, dekka dei med meir mold og til slutt vatna sjølv. Undervegs me gjorde dette snakka me ilag om det me gjorde. Om kva frø treng for å veksa; at dei treng vatn,mold og sol slik me menneske treng mat for å veksa. Noko har dei fått tatt med seg heim. Andre har me ståande her i barnehagen sånn at me kan fylgja litt med på dei å sjå prossessen. Frå frø til blome. Ungane syns dette var kjekt 😀

SAM_7015 SAM_7016